(MA2) Diplom - Masteroppgåve
Location: Telegrafbukta, Tromsø​​​​​​​
vår 2024
Utval bilder teken under feltarbeid. Illustrera ulike element i landskapet som kan ha innverknad på psykisk helse
Restituerande landskapsmiljø
Med fokus på bruk av natur og landskap i behandling av psykisk helse ved Tromsøs nye dagsenter for rus og psykisk helse.
Introduksjon
I 2021 kjøpte Tromsø kommune Sydspissen hotell for å danne dagsenter for eldre, men også dei som slit med psykisk helse og rus. Losen lågterskelsenter skal dra størst nytte av bygget, som er eit gratistilbod psykisk helsetilbod i Tromsø kommune. Kommunen har store ambisjonar om å slå saman mange ulike brukargrupper som kan vere utfordrande å skape felles rom for. I denne satsinga går alle midlane til å danne eit tilbod som skal foregå innandørs, kor utforminga av landskapet har blitt utelatt av budsjettet. Bygget har stått tomt i mange år, kor vedlikehald av uteareala har fått kjenne på konsekvensen av eit tomt bygg. Slik det er i dag vil det ikkje kunne vere mottakeleg for dei brukarane som er forespeila. Prosjektområdet ligg tilknytt Telegrafbukta som er eit stort rekreasjonsareal på sørlige del av Tromsøya.
Kvalitetane ved dette området er mange og har stort potensiale til å bli løfta, både for bydelen og for brukaropplevinga til dei besøkande av dagsenteret. Eit spørsmål som har fulgt meg gjennom diplomarbeidet er: ”Korleis kan man forvente å bli ivaretatt når omgjevnadane ikkje blir ivaretatt?”. 
Prosjektet Restituerande landskapsmiljø rettar fokus mot naturen og landskapet, og dens verknad på menneske når det kjem til vår fysiske og mentale helse. Arbeidet går ut på å skape positive distraksjonar kor man aktiverar sansane og kan bryte ut av vonde mønster man gjerne er påverka av når man sliter med psykiske utfordringar. Intensjonen er å løfte fram naturen og landskapets kvalitetar gjennom årstider, vær, vind, materialitet og atmosfære for at fleire skal kunne oppdage dei skjulte kvalitetane landskapet har når man ellers berre ville ha passert i forbifarten. Ved å skape uterom som komplimentera eit innandørs behandlingstilbod, og er imøtekommande og innbydande vil man kunne invitere til å bruke meir tid og fokusere på å restituere. Dette gjer eg ved å legge vekt på det tomta allerede tilbyr og løftar fram ulike rom i landskapet for dei ulike brukarane til å nytte seg av før og etter besøk av dagsenteret. 
Oppleviga av staden er noko som festar seg i minne hjå ein som besøker og tilbringer tid her. Ved å skape ei positiv oppleving vil man kunne sørge for at fleire kan dra nytte av staden og kome att gjenntatte gonger. 
Hovedveileder:
Mari Bergset

Eksterne veiledarar:
Kjerstin Uhre & Eimear Tynan
PROBLEMSTILLING
Korleis skape eit imøtekommande uterom som legg til rette for sosialt samvær, tilstedeværelse, restitusjon og psykisk helse, som også komplimentera eit behandlingstilbod for ei variert aldersgruppe med ulike behov?
UNDERSØKINGAR AV TEMA
PROSESS, ILLUSTRERT I BOOKLETS
Utvikling av prosjektet vart dokumentert gjennom booklets på tilsaman 167 sider. Desse fasane av arbeidet inneheld designprosess, refleksjonar, utvikling av konsept, formspråk, brukarar etc.
ANALYSER AV DAGENS BRUK OG SITUASJON
Soneanalyse - Dagens situasjon
Ved å analysere dei ulike sonene på tomta er arkitekturen ekskluderande og har ei passiv fasade noko som gjer at staden kor brukarane skal opphalde seg opplevast privat. Dersom tiltak for uteareala blir iverksatt vil arealet ikkje bli brukt av sensitive brukarar. Det er heller ikkje gode tiltak danna for dei med nedsett mobilitet etc.
Kommunens "visjon"
Det er ikkje uttrykt noko klarheit i korleis brukarane skal tilhøyra staden i sin heilheit, men det er mykje arbeid med byggets indre. Heile andreetasjen av bygget kor hovedinngangen ligg vert det rom for bydelskafè samt behandlingsrom for Losen Lågterskelsenter. Behandlingsromma ligg også i andre etasje. I underetasjen vil det vere rom for dagsenteret som skal vere eit tilbod for dei eldre i Bydelen. Tilbodet er ambisiøst med tanke på korleis alt skal sameksistere.
NATURENS VERKNAD PÅ LANDSKAPET
For å kunne ta utgangspunkt i dei eksisterande kvalitetane og bygge vidare på dei i designet, var det viktig å ta tak i kva dei kan gjere for bruken og brukarane av området. Eksisterande situasjon har mange gode sider som ikkje får nå sitt fulle potensiale og ved hjelp av design med fokus på sansane våre og det å skape positive distraksjonar ser eg til behov for oppgradering og behovet dei individuelle brukarane potensielt har.
BRUKARAR OG DIAGNOSAR
Kommunen ser for seg å samle ei rekke komplekse brukargrupper i eit prosjekt. Det er ambisiøst og garantien for at dei vil kunne sameksistere er marginal. Mitt hovedfokus ligg i hjå dei brukarane som slit med psykisk uhelse samt dei diagnosane som tangera normalbefolkninga. Desse diagnosane utarbeida eg saman med ein psykolog som skal arbeide i bygget hjå Losen lågterskelsenter. Psykisk uhelse er noko som kan ramme alle ein eller fleire gongar i løpet av livet, desse er dei brukarane som er interessante for dette diplomarbeidet.
DESIGN PROSESS
Store delar av designprosessen vart gjort gjennom kontinuerlig skissering på papir for å kunne produsere mange utkast til design, noko som skjedde tidleg i utviklinga av prosjektet. 
DESIGN
Det heilheitlege designet skal kommunisere på tvers av tomta med fokus på eit aktivt inngangsparti tilkopla bygget, samt eit meir distre parti på nedsida av bygget som vender seg mot sjøen. Heile designet handlar om å skape positive distraksjonar for brukaren for å redusere angst og for å sikre bruk av landskapet i samanheng med behandlinga som vil foregå bak fasaden. Designet er inspirert av det eksisterande formspråket i landskapet samt eksisterande stadeigne kvalitetar for å danne noko gjenkjennelig for brukaren.
Landskapssnitt - 1:200 Gjennom prosjektområdet i ulike årstider
DETALJPLANAR MED SNITT
Områdene som vart viktige for dei designerte brukarane var kva man møter ved ankomst og kva man møter når man forlèt bygget. Ved inngangspartiet til behandlingssenteret la eg vekt på å skape ein entre med positive distraksjonar kor man kunne blande seg inn i omgjevnadane og bruke vegetasjon og natur til å skjerme brukaren. Ved utgangen på baksida av bygget la eg vekt på å danne ulike soner til ulik bruk. Dette er for å gi brukaren eit val om korleis den ønsker å interagere med omgjevnadane. Naturen og vegetasjonen i denne del av planen var viktig for å skape rom samt spele på kvalitetane av lyset, materialiteten, atmosfæra, inn- og utsikt samt skape nok rom til å vere aleine eller saman med andre.
MODELLAR
Nærmodell 1:50
Nærmodell 1:50
Landskapsmodell 1:200
Landskapsmodell 1:200
Nærmodell 1:50
Nærmodell 1:50
Tilbake til toppen