Fotografi er ei interesse og eit verktøy eg har teke med meg inn i utdanninga for å visualisere og kommunisere kva eg ser. I denne katalogen er det nokre utvalde bilder eg har teke av natur, materialitet, landskap, vatn, refleksjonar etc. Kamera er eit verktøy eg alltid har tilgjengeleg for å kunne fange eit øyeblikk for å lagre minner om korleis omgjevnadane endrar seg frå dag til dag, men også minutt for minutt.