Tomine Haaland Furelid, 
Mastergrad i landskapsarkitektur, MNLA 

Eg heiter Tomine Haaland Furelid (b.2000). Sommaren 2024 forsvarte eg mi masteroppgåve ved Tromsø arktiske universitet (UiT). Gjennom utdanningsforløpet har eg spesialisert meg innan arktiske og sub-arktiske miljø. Min primære interesse og motivasjon innan fagfeltet er å arbeide med korleis natur og landskapsarkitekturen påverkar menneske fysisk, psykisk og emosjonelt. Arbeidet mitt er drive fram gjennom sirkulære og bærekraftige designprosessar kor eg rettar fokus på økologi, stadeigne kvalitetar og design og rom som er laga for å vare i mange generasjonar fram i tid.
Masterutdanninga eg har tatt er eit samarbeid og ein fellesgrad mellom Arkitekt- og Design høgskulen i Oslo og Kunstakademiet ved Universitetet i Tromsø som hadde oppstart i 2018.
For øyeblikket leitar eg aktivt etter ein fulltidsjobb som landskapsarkitekt. Ta gjerne ein kik på mitt tidlegare arbeid og ta gjerne kontakt dersom du skulle ha nokre spørsmål!