(MA1) Studio course - Urban practices
Location: Tromsø, Norway
autumn 2022
Re-introdusere natur
Kan menneske og natur sameksistere i ein urban setting?
INTRODUKSJON
I nyare tid har koplinga mellom by og natur fått kome meir fram i lyset, men det er fortsett ein lang veg å gå. I Tromsø består byen av større harde flater kor overvatn tek over bybildet i tider med mykje nedbør og ved snøsmelting. Bruk av natur i byen med opne systemer er ikkje noko man finn i byen og måten vi handtera snø på i Tromsø er ved å dumpe det i sjøen. Finst det andre måtar å opne opp for ein blå-grøn-kvit infrastruktur som tillater naturen å hjelpe til med å vedlikehalde byflatene? Kan naturen få ta meir plass i bybildet for å skape meir livlege byrom for brukarane samt vere ein stad for naturen å leve i sameksistens med menneske?
Supervisors:
Magdalena Haggärde, Marc Ihle & Kjerstin Uhre
KONTEKST
Tromsøya er ein av storbyane i nord, omkransa av eit rått landskap med høge fjell, store havflater og mykje natur for brukaren å oppleve. Sentrert på øya ligg sentrum av Tromsø som hovudsakleg består av harde flatar, butikkar og menneske. Naturen som lever på utsida av øya sine grensar får ikkje kome til i bybildet, noko som er med på å skape monokultur av hardt belegg av ulike variantar. Dette har i seg sjølv ei praktisk forklaring i forhald til det harde klimaet som pregar nordlege delen av Noreg. Men naturen i seg sjølv kan vere med å påverke bybildet på fleire måtar enn å vere ein estetisk kvalitet.
Kven designar vi for?
I dagens urbane planlegging ser vi ein trend i å plassere menneskets behov framfor naturens behov. Vi integrerer natur i prosjekta våre men tillater ikkje naturen å leve fritt men under restriksjon av konstruksjon og design som skapar best mogleg mobilitet og sikkerheit for menneske. Naturen er meir enn eit estetisk verktøy for byane våre og fungera på meir komplekse plan enn i overflata. Der i bland korleis naturen påverkar vår fysiske og mentale helse samt løysingar for overvann, rein luft samt opplevinga av staden. Naturen trivast ikkje under 100% kontrollerte forhald, eller ved bruk av universell utforming med store harde flater som gjer byen brukande for alle menneskelege brukarar. I Tromsø kan man legge til ein anna faktor til den blå-grønne infrastrukturen, også kjend som den blå-grøn-kvite infrastrukturen. Den nordlege halvdelen av verden kor det er lange kalde vintrar har naturen tilegna seg å leve under desse forhalda. Ei utfordring som kjem som følge av byplanlegging er at man ofte hentar inspirasjon frå Europa og sørlege delar av verden som ikkje er egna for nordleg klima. Dyrelivet i nord har stort mangfold og grunna klimaforandringar har andre artar som fugl blitt ein fast brukar av byens flate.
"We often forget that WE ARE NATURE. Nature is not something separate from us. So, when we say that we lost our connection to nature, we have lost the connection to ourselves."
Andy Goldsworthy, artist
Det vi opplever som godt ivaretekne byrom er dei som er godt vedlikehald med stramt design og harde kantar kor vekstar ikkje får lov til å kome fram i dagens lys. Til samanlikning ser vi naturen i utkanten av byen får vekse friare i sitt naturlege habitat. Her brukar vi ikkje mykje energi på å kritisere vedlikehald men ser på det som noko hellig vi ikkje har tilgang til i byen. I dagens designpraksis har vi ein tendens til å forsøke å kontrollere og manipulere veksten slik at det skal passe inn under forhalda til den urbane livsstilen. Men er det mogleg å tillate ei meir fri form for naturen i byen slik at naturen også trivast i byane våre?