Studentkonkurranse for Nasjonal turistveg
30års jubileum for Nasjonale turistveger
våren 2023
Na-turens poesi
Hesthamar, Nasjonal turistveg Hardanger
(NO, NN) Nasjonale turistvegar blir i dag nytta for å gi turistar ei spektakulær oppleving av norsk natur. Men då kan man stille spørsmålet: skal den naturen trakkast i og opplevast på nært hald? Kor spektakulært skal det vere? når man kjem så tett på naturopplevingar, vil det gi ei vrangforestilling av naturen? Vil den trekke unødig merksemd og trekke så mykje menneske på ein plass at den blir øydelagd? Skal ikkje spektakulær natur vere noko man skal sjå på avstand og vere "urørt" og "eventyrleg"? Skal man trumfe seg gjennom desse landskapa med bil, for å gje menneske ei unik naturoppleving?
Ein må ut av bilen og tre inn i naturen for å oppleve naturen slik den er. Omvegane fører lengst, og med vårt prosjektforslag for Hesthamar Hardanger ynskjer vi at omgjevnadane også skal gjelde for menneska i og omkring staden. Naturen er ikkje berre til for turistane, den er der for alle, og særskild dei som har den som næraste nabo.
Team:
Tomine Haaland Furelid & Idunn Skjerdingstad
Konsept
Det er noko heilt eige med det å tre ut av ein bil, setje føtene på bakken, høyre lyden av knasande grus under seg- Det er noko enda meir særskild med å setje føtene i terrenget, høyre rørslene i lauvverket, sjå tre og skog, mose og lav, kysten og fjella i det fjerne. Det er denne rørsla vi ynskjer å få når vi opphevar stien, legg han i ein krins utanom trea, skapar ein omveg for vandraren.
Vi ynskjer å understreke overgangen for den besøkande, frå vegen til til "stoppet" og frå "stoppet" til opplevinga. Det er ein overgang frå det harde til det mjuke: frå asfalt til gris, til tre og terreng.
Gjennom vårt konsept sett vi det spektakulære landskapet først, ikkje arkitekturen. Vi vil fremje ein idé om å vere deltakar i landskapet, ikkje berre ein observatør. Dette gjer vi ved å nytte naturens stadeigne kvalitetar samt minimalisere inngrep i sårbar natur.
Materialvalg
Lokal skifer - Eit av Noregs eldste skifer brot ligg i Jondal, og vinner ut bland anna glimmergneis og granitt i tillegg til skifer. Steinhellene som er nytta på deler av stien ønsker vi skal vere frå dette skiferbrotet. Vi ynskjer å nytte skifer herifrå for å støtte lokalsamfunnet og sikre lokalt materiale i opparbeidinga av prosjektet.
Lokale treslag - Vi har interesse av å nytte lokale treslag i arbeidet med den opphøgde stien. Det er mykje variert bar- og lauvskog i området, og vi har difor tatt eit val om å nytte trevirke frå lokale leverandørar. Vi ynskjer ikkje å ta inn materiale som ikkje har ein naturleg plass på staden.
Plassering av prosjektet i henhald til Nasjonale turistveger
Nasjonale turistveger skal og bør vere bidragsyter når det kjem til å gi noko attende til lokalsamfunnet. I prosjektet kan du sjå det att i materialval, omtanke til staden og i designet. Vi ynskjer å nytte lokal arbeidskraft, lokale initiativtakarar og lokalt materiale.
Ved løfte stien, skape mellomrom kor ein kan gå ut frå stien og ned i terrenget, skapar vi ei kopling mellom menneske og natur på ein slik måte at man er bevist i forhald til korleis man trer i natur og belastar den. Vi ynskjer ikkje at Hesthamar skal bli ein stad der arkitektoniske elementer skal ta over for sjølve opplevinga av å vere i naturen, vi vil at naturen skal tale for seg sjølv. Enkle materialvalg og eit fokus på lite menneskeleg aktivitet utan om sjølve designets grenser opphøyer naturen og landskapets roller på staden.